måndag, juni 01, 2009

Verbale sleivspark på Jønshornet i Molladalen

Med uvanleg lite snø i fjellet, skia parkert for sesongen og gode vêrutsikter for pinsa fall valget på klatring i Molladalen denne helga. Per helge og underteikna har vore her ein del før. Sørvestegga på Jønshornet ser utruleg flott ut, og denne vart valgt som turmål. Robin ville vere med som førstereisgutt. Som vanleg tidleg avreise frå Stryn, denne gangen i 6-tida, og etter kvass køyring nådde vi første ferga frå Folkestad. 08.15 var vi klare for anmarsj i Erdalen, og starta på den halvannan time lange marsjen opp i dalen. Ved inngangen til dalen fekk Robin for første gang utsikt opp til tinderekka, og kunne konkludere at dette var noko av største han hadde vore med på, og han vart forlova kvelden før:) Molladalsgubben til venstre og Jønshornet til høgre, sørvestegga midt imot.
Sørvestegga i profil til venstre, ruta startar i sikk-sakkdiederet, følger ryggen heilt til topps.

Siste,bratte tunge snøfeltet opp til innsteget, Robin ser med ærefrykt på jobben som skal gjerast.
Vel oppe ved innsteget sala vi opp, og underteikna skulle lede første lengda, denne står i 5+,men i nettførar foreslått oppgradert til 6-. Sekken vart fort tung og ivegen, og et forslag frå mi side om å kanskje legge igjen sekkane vart fort avvist. Det var lite trøst å få, og det vart hevda nedanfrå at det å lede ruta med stor sekk ville vere "god trening og ei fin erfaring". Javel, en beit tennene saman og kom seg tilslutt opp. Pipa fekk imidlertid ein anna lyd når Robin og Per Helge kom opp, då dei måtte medgje at vanskeligheitene vart undervurdert noko.
Per Helge ledar 4.taulengda



Siste taulenga er det klatremessige høgdepunktet på turen. Følger egga og deretter ut til høgre i det tydelige "topprisset", dette er nydelig,eksponert og velsikra klatring!




Frank-Jakob i topprisset





Per Helge opp siste meterane, utsikta er formidabel!







Etter smilet å dømme, har nokon hatt ein flott klatretur.




Det er rigga fast rappellrute nedatt for alle rutene på Jønshorn, rappellane går til venstre for/baksida på eggen nedatt. Nedturen forløp ikkje heilt utan dramatikk, et steinsprang vart meir spennande en det underteikna likar, og det var ikkje alltid like lett å finne boltane. Vel nede i Jønshornrenna, som på denne tida er full av snø, kunne vi skli på skoa heilt ned i dalen. Glade og nøgde, og travelt oppatt med å legge nye turplanar, labba vi nedatt til bilen.
Stryn klatreklubb arrangerar klatresamling i Molladalen 12-14. juni, sjå http://www.klatre.com/.
Takk til Robin og Per Helge for nok en høydare!!

Du kan sjå fleire bilde frå Molladalsturen her.




2 kommentarer:

  1. Takk for flott artikkel og fine bilde. Dette var ein fantastisk tur! Mvh. Ph-sleivsparkar

    SvarSlett
  2. bra skrivet frank-jacob. denna turen var "god träning og en fin erfaring"!!! ha ha

    Robin

    SvarSlett